Planar for Breimshallen 2020

Litt om planer og status for Breimshallen 

Breimshallen har hatt god kapasitet for utleige i 2019, særleg juni, juli, august og september. Dei som ønskjer å bruke dette flotte huset eller deler av huset kan ta kontakt med Gudmund Egge, tlf. 913 98 212. 

I år hadde vi stordugnad i Breimshallen der ca. 50 stk møtte opp laurdag 26. august . Heile huset vart nedvaska, inventar vart reparert, pokalar pussa, veggen på nedsida vart skrapa, måla og reparert, øydelagde taksteinar ved inngangen vart skifta, ein del vegg og vinskeid på oppsida fekk ein fiks, uteområde med bed vart ordna og så åt vi god kaffimat som dugnadsgjengen hadde ordna. Det har blitt måla og reparert både før og etter fellesdagen. Vi er imponert over innsatsen! Takk til alle som har vore med å halde vedlike Breimshallen også i år 😊. 

Neste gong vi skal ha stordugnad tenkjer vi å saumfare namnelistene slik at alle kjem på lista. Vi ønskjer svært gjerne at fleire av ungdomane blir med. 

Styret følger med på driftskostnadane gjennom året. Straum og forsikring er store postar som vi må gjere tiltak på. Til no i år har straumkostnaden gått noko ned i høve til i fjor. Vi har ikkje tenkt å «fryse ut» bygdafolket, men vi ser at det m.a. kan vere litt å hente på å styre varmepumpene i større grad slik at det ikkje blir produsert unødig varme når huset ikkje er i bruk. 

Planer framover utover vanleg vedlikehald: 

Prioritet nr. 1 framover er å få planlagd kjøkenet oppe og søke om støtte frå ulike ordningar for å få realisert det. No skal vi få det til! Vi har ei høgst oppegåande og kompetent spesialutplukka plangruppe som allereie har tenkt ut forslag til gode løysingar. Arbeidet i gruppa startar for fullt i oktober. Vi skal gjere huset tilgjengeleg for alle og då treng vi trappeheis i hovudtrappa opp til matsalen og kjøkenet. Vi ønskjer å få til det, helst før jul. 

Priortet nr. 2 er lyssetting i hålen nede. Der har det vore dårleg lys altfor lenge, så det er høgt på ønskelista. 

Altså trengst det litt kapital for å halde huset i gang på eit så godt nivå at alle vil trivast der, så fint om du støttar Breimshallen med støttemedlemskap til Breimshallen. Sjå elles den flotte tavla ved hovudinngangen med støttebedrifter for hallen. Der er det plass til fleire 😉. 

Tusen takk for alle bidrag til Breimshallen. 

Med helsing styret 

Gudmund Egge, Rolf Øyvind Sæthre Hauge, Terje Loen, Ann Helen Hetle, Per Jonny Moldestad og Else Tømmerstøl