Velkomen til Breim sitt største forsamlingslokale. Her er det aktivitet gjennom heile året som til dømes handballtreningar, volleyballtreningar og kampar, basarar, festlege lag, korøvingar, konfirmasjonar, bryllaup med meir.

Breimshallen kan leigast av private, lag og organisasjonar eller bedrifter til festar, bryllaup, minnestunder, konfirmasjonar eller andre arrangement.


OPPUSSING AV MATSAL OG TRAPPEOPPGANG

KORONA-STENGING HAR VORTE NYTTA TIL NOKO POSITIVT 

Korona har sett sitt preg også på den organiserte aktiviteten i Breimshallen. Men – «Aldri så gale at det ikkje er godt for noko» Medan landet i stor grad har vore stengt ned, har ivrige bygdefolk nytta denne tida til oppussing og restaurering. For mange har dette vore ein kjærkomen sosial møteplass, samtidig som det har vorte gjort ein fantastisk innsats til glede for alle i bygda. Vi i styret set enormt stor pris på denne innsatsen, og kor stor positiv velvilje vi møter når det gjeld drift og vedlikehald av «storstova» Breimshallen. 

Etter eit langt “svangerskap”, kunne vi for ca eitt år sidan endeleg gje klarsignal for oppussing/ investering i nytt kjøkken, i tillegg til oppussing av matsalen og trappeoppgangen. Ein føresetnad for dette klarsignalet var at finansieringa skulle vere i orden. Vi hadde ei rekkje søknadar om støtte som vi venta på tilbakemelding på. I den venteperioden sette ein heil gjeng med ivrige dugnadsfolk, med Hilde og Peder Kvile i spissen i gong arbeidet med å “spøte oppigjen” matsalen. Denne restaureringa inkluderte i tillegg til måling, også å få bygd skåper til oppbevaring av dekketøy, og benkeplater for bruk til servering. Utvik tre AS fekk oppdraget, og gjorde ein kjempefin jobb. 

Ca 50 personar var innom og gjorde ein innsats i forbindelse med dette dugnadsprosjektet. Nyleg vart det invitert til dugnadskalas der kokken Arve Myklebust varta opp med varmmat frå dei nye dampovnane, og sjølvsagt vart det kaffi og kake.


EIT FUNKSJONELT OG GODT KJØKKEN


Arve Myklebust og Hilde Kvile er godt fornøygde med det nye kjøkkenet, matsalen og trappeoppgangen. 

Kokken Arve Myklebust som saman med Hilde Kvile og Gunvor Sunde har lagt planene for det nye kjøkkenet, er også svært godt fornøygd med resultatet 

-No synest eg at vi har fått eit verkeleg funksjonelt kjøkken, fortel «dugnadsgeneral» Hilde Kvile. – Det at vi no har fått dekketøyet inn i matsalen gjer at kokkar og servitørar ikkje går i vegen for kvarandre. Vi har fått ein lys og fin matsal som verkeleg har vorte funksjonell. Og med nymåla trappeoppgang og forbetra belysning meiner vi at alt ligg godt til rette for alle former for private eller offentlege arrangement. 

– Ut frå areal og midlar vi hadde til disposisjon, har dette vorte veldig bra, seier han. Kjøkkenet er verkeleg funksjonelt. Det er enkelt å bruke, og bør vere perfekt til utleige om det skal lagast mat til selskap i private heimar eller eitt av grendehusa i bygda. Eg kan gjerne stille opp og gje ei innføring om folk vil leige kjøkkenet med dei funksjonelle ovnane.  


FRÅ SAMEIGE TIL FORENING

For nokre år sidan vart organisasjonsforma for Breimshallen endra frå AL til sameige. Dette basert på nytt nasjonalt regelverk. Så viste det seg at der var mange begrensingar i eigarskapsmodellen Sameige, så Årsmøtet 2021 vedtok å setje i gong prosessen med ei ny organisasjonsform. Dette m.a. for at laget kunne få momskompensasjon, at vi kunne få del i “grasrotmidlar” og at laget kunne stå som eigar av bygningsmasse. 

Dette er ein prosess som har hatt mykje fokus dette året. Huset, slik det har vore sidan den nye “hallen” vart bygd, har vore eigd av Breim Bygdeungdomslag (80 %) og Breimsbygda Idrettslag (20 % ) I prosessen vi no er inne i, seier dei tidlegare eigarane frå seg sitt eigarskap, og huset vert ein del av Foreninga Breimshallen, der alle i bygda, både einskildpersonar, familiar, bedrifter og lag og organisasjonar kan kjøpe medlemskap. Dette har vore styre og årsmøtehandsama i begge dei to eigarlaga, og nytt styre i Foreininga Breimshallen vart valgt på årsmøte 13. februar.