
Breimshallen er den store møteplassen i bygda, enten det er 17. mai, dei mange store basarane, Bygdekvinnelaget sin kompardag, private festar/ arrangement, dansefestane 5. dag og påskeafta. Og ikkje minst – dei mange faste øvingane til Breimskoret, handballgruppa, fotball, volleyball, seniordans eller swing-gruppa.
Eit grovt overslag viser at vi har langt over 10.000 personbesøk i “hallen” gjennom året. Det set vi enormt pris på, og alle tiltaka vi gjer, og dugnadsinnsatsen vi legg ned, er for at alle de som brukar Breimshallen skal ha ei best mogleg oppleving.
Hjarteleg takk !
Det var eit sjokk, og ei enormt tragisk melding om Jakob sin bortgang også for oss i styret i Breimshallen, slik som for alle andre i bygda. Når venekretsen til Jakob ynskte å samlast, og dei spurte om å få bruke Breimshallen, var svaret sjølvsag ja. Vi var berre glade for at huset kunne brukast også til ein slik møteplass. Aldri før har det vore så mykje ungdomar samla i matsalen i Breimshallen.
Vi er svært audmjuke for at foreldra og pårørande ynskte at minnegåva i tilknytning til Jakob skulle gå til Breimshallen. Vi tek det som eit signal på at Breimshallen som «storstova i Breimsbygda» er der for å dekke alle typar samlingsbehov, enten der er 17. mai feiring, bryllaup og andre festar, konfirmasjonar og minnestunder.
Vi set umåteleg stor pris på gåva som har vorte Breimshallen til del, og vi lovar at den vil verte brukt til beste for huset, og i samråd med Kristin og Anders.
EIT SVÆRT SÅ AKTIVT DUGNADSÅR
Gjennom fleire år har vi arbeidd med oppgradering og nødvendig vedlikehold av Breimshallen. Det vart gjort eit fantastisk løft med å måle oppigjen trappeoppgangen og matsalen, få til funksjonell innreiing, og ikkje minst – Vi har fått eit nytt og topp moderne storkjøkken som sjølv fine hotell kan misunne oss.
Men dugnadsfolka hadde meir som skulle ordnast. Den gamle tilkomsten med ikkje godkjent handicap-tilkomst vart fjerna og ny tilkomst med universell utforming vart bygd. Der vart det avdekka at det gamle taket over inngangen var pill rote. Nytt tak vart bygd, no i kombinasjon med terrasse utanfor matsalen.


EIT FUNKSJONELT OG GODT KJØKKEN

Arve Myklebust og Hilde Kvile er godt fornøygde med det nye kjøkkenet, matsalen og trappeoppgangen.
Kokken Arve Myklebust som saman med Hilde Kvile og Gunvor Sunde har lagt planene for det nye kjøkkenet, er også svært godt fornøygd med resultatet
-No synest eg at vi har fått eit verkeleg funksjonelt kjøkken, fortel «dugnadsgeneral» Hilde Kvile. – Det at vi no har fått dekketøyet inn i matsalen gjer at kokkar og servitørar ikkje går i vegen for kvarandre. Vi har fått ein lys og fin matsal som verkeleg har vorte funksjonell. Og med nymåla trappeoppgang og forbetra belysning meiner vi at alt ligg godt til rette for alle former for private eller offentlege arrangement.
– Ut frå areal og midlar vi hadde til disposisjon, har dette vorte veldig bra, seier han. Kjøkkenet er verkeleg funksjonelt. Det er enkelt å bruke, og bør vere perfekt til utleige om det skal lagast mat til selskap i private heimar eller eitt av grendehusa i bygda. Eg kan gjerne stille opp og gje ei innføring om folk vil leige kjøkkenet med dei funksjonelle ovnane.
FRÅ SAMEIGE TIL FORENING
For nokre år sidan vart organisasjonsforma for Breimshallen endra frå AL til sameige. Dette basert på nytt nasjonalt regelverk. Så viste det seg at der var mange begrensingar i eigarskapsmodellen Sameige, så Årsmøtet 2021 vedtok å setje i gong prosessen med ei ny organisasjonsform. Dette m.a. for at laget kunne få momskompensasjon, at vi kunne få del i “grasrotmidlar” og at laget kunne stå som eigar av bygningsmasse.
Dette er ein prosess som har hatt mykje fokus dette året. Huset, slik det har vore sidan den nye “hallen” vart bygd, har vore eigd av Breim Bygdeungdomslag (80 %) og Breimsbygda Idrettslag (20 % ) I prosessen vi no er inne i, seier dei tidlegare eigarane frå seg sitt eigarskap, og huset vert ein del av Foreninga Breimshallen, der alle i bygda, både einskildpersonar, familiar, bedrifter og lag og organisasjonar kan kjøpe medlemskap. Dette har vore styre og årsmøtehandsama i begge dei to eigarlaga, og nytt styre i Foreininga Breimshallen vart valgt på årsmøte 13. februar.